Hei folkens! Her kjem eit siste innlegg på boliviabloggen. Vi har hatt eit kjempeflott praksisopphold på både godt og vondt! Vi er i skrivende stund i Pinamar, ein feriestad ,med strand, sør for Buenos Aires. Her skal vi feire nyttårsafta før vi reiser tilbake til Buenos Aires. Vi ynskjer å takke alle som har vore med på å bidra økonomisk til innkjøp av ulike ting til barneheimen!! De har gjort ein stor forskjell for alle ungane der!! Eg reknar med at det kan vere interessant for dykk å vite kva pengane har gått til, så her kjem ei lita oversikt.Dette har vi brukt pengane på: Vi har pussa opp eit lekerom og kjøpt inn blant anna eit musikkanlegg og bordtennisutstyr til dette rommet. Sjå bilete i tidligere innlegg. Vi har kjøpt inn treverk og verkty slik at ungane kunne lage benker. Benkane vil bli plassert rundt om på barneheimen. Det er tydeleg at det er masse flinke folk, og benkane blei til slutt svært fine (sjå bilete under). Vi har kjøpt inn ein god del klær til ein butikk som dei har på barneheimen. Ungane får med jevne mellomrom -10 til +10 poeng alt etter korleis dei har oppført seg, om dei har vore flink å jobbe, gjort lekser o.l. Desse poenga kan dei bruke til å handle ting i butikken. Bilete av butikken og nokre av tinga ser du under. Dei minste ungane, fem stykker mellom 4 og 7 år, får ikkje oppspart nokre poeng sida dei ikkje går på skule eller jobber. Vi har derfor kjøpt inn bukse, t-skjorte og genser til desse, slik at alle ungane fekk klær.
Håper folk er nøgd med korleis vi har disponert pengane. Vi føler verfall sjølv at vi har brukt dei godt, slik at det skal komme alle til gode.
Pengar har også gått til barneheimen til Hannah, men eg (Ivar Kåre) har ikkje god nok kjennskap til kva desse har gått til. Eg antek at de får spørje Hannah når ho kjem heim, eller sende ein mail :-)
Resten av bileta er frå den siste veka på barneheimen og eit bilete frå Argentina, sida det er her vi er no! Vi vil takke alle som har fulgt med på bloggen og for gode tilbakemeldingar, og håper at det har vore kjekt å følgje med.
Då var det ikkje så mykje meir å seie. Godt nyttår til alle og så sjåast vi snart!!
Helsing Ivar Kåre, Sverre og Hannah
-SLUTT-










0 kommentarer:
Legg inn en kommentar