søndag 2. november 2008

Potosi og Saltoerkenen Salar de Uyuni

Hei alle saman! No er det paa hoeg tid at det kjem litt tekst til bileta ogsaa! Orsakar saa mykje for at oppdateringa har vore saa daarleg i det siste, men ting har vore veldig travelt! Dette er altsaa bilete av Potosi og fraa saltoerkenen i Uyuni. Potosi er ein facinerande by proppfull av historie og har hatt utruleg mykje aa seie for Bolivia. Det meste av historien er konsentrert rund eit fjell, "The rich mountain" (754m), som ligger midt i sentrum og har inneholdt enorme mengder med soelv. Potosi blei grunnlagt i 1545 og var daa underlagt Spania. Det vil seie at det meste av soelvet gjekk til nettopp Spania. Naar byen var paa sitt mest velstaaende var det den stoerste byen i Amerika med sine 200 000 innbyggere, og berre Paris, London og Sevilla var stoerre paa verdsbasis!! Men historien til Potosi ender desverre ganske tragisk. Soelvutvinningane avtok i byrjinga av det 19. aarhundre. Folketallet var faktisk heilt nede i 10 000 og Potosi blei plutseleg til ein fattig by. Men det er kanskje ikkje saa rart, det blir nemleg paastatt at spanjolene tok ut saa mykje soelv at ein kunne byggje ei bru av soelv fra Potosi til Spania, og likevel kunne frakte masse soelv over brua! I tillegg var det eit stort prisfall paa soelv paa midten av det 19. aarhundre, og byen har aldri klart aa komme seg 100 % i etterkant.

To av bileta er fraa ei gruve som vi vitja. Utruleg facinerande aa sjaa korleis dei jobber og aa moete paa arbeidarane der inne. Men arbeidsforholda er fryktelege, temperaturen varierer mellom 46 grader til under frysepunktet. Det er moerkt og trangt og dei fleste doer av ulykker, Silicosis eller anna stoev eller gasser innen det er gaatt 10-15 aar. I tillegg bruker dei ekstremt primitive verkty som er lite effektive. Dei fleste jobber i cooperatives. Det vil seie at dei kjoper eit omraade i gruva som dei eiger sjoelv. Men det meste av soelvet gaar ikkje til gruvearbeiderne og dei sitter igjen med nesten ingenting sjoelv. I tilleg maa dei kjoepe alt verktyet sjoelv! Om ikkje det skulle vere nok, saa er det i skrivandes stund eit nytt alvorleg fall i metallprisane, noko som rammer gruvearbeiderene og byen ekstra hardt.

Viss de ser ekstra noeye paa gruvearbeidarane, kan du sjaa at dei har store bollekinn. Det er fordi dei tyggjer coca, som dei lagrer i kinna. Coca er det einaste dei eteri lopet av ei 12-timers vakt inne i gruvene. Det skal minske sultkjensla og faa ein til aa orke meir. Kvar einaste gong dei tek pause tygger dei meir coca.

Paa det andre bilete ser de ein stygg statue, Tio, som finnes i alle gruvene. Gruvearbeiderene meiner at dvevelen, eller Tio, eiger metallene i gruvene. Viss det fins ein Gud utenfor saa maa det finnes ein djevel som lever under jorda der det er varmt og ukomfortabelt. Til tross for at dei fleste er kristne utenfor gruvene, saa ofrer dei coca, alkohol og roeyk som dei tenner og putter i munnen til Tioen. Dette for at dei skal unngaa ulykker og faa meir mineraler. Dei trur ogsaa at viss dei ikkje ofrer saa vil det motsatte skje.

Resten av bileta er fraa saltoerkenen Salar de Uyuni. Det er ei enorm slette som inneheld berre salt. Den er faktisk 12 000 kvadratkilometer. Grovt rekna saa dekkjer det eit omraade fraa Bergen- Oslo- Trondheim og til Bergen igjen! Saltoerkenen oppstod ved at store mengder med is smelta og rann ned fraa Andesfjella. Vatnet har med tida fordampa og saltet er alt som er igjen.

Ellers saa har vi det fortsatt bra her nede. I morgon reiser vi til Peru, men satser paa eit nytt innlegg og mange nye bilete naar vi kjem heim att! Hels alle kjente og kos dykk i kulden :-)

Helsing Ivar Kaare, Sverre og Hannah!







1 kommentar:

Eli Synne sa...

Hei kjære boliviafararar!
Ville berre få sagt at det er veldig kjekt å lese bloggen dokka!På bileta ser det ut som at dokke trives og har det bra.

Keep up the good work! Både i praksis og med bloggen;)

-Eli Synne

PS! Skal helse til Ivar Kåre frå Ronnie.