Hei folkens!
Lenge sida sist no.
Magetroebbelet har for alvor meldt seg for oss dei siste dagane. Eg har holdt meg innendoers i gaar og i dag, men vi satser paa at det ikkje blir for ille.
Eg og Sverre reiser til Potosi i morgon for aa sjaa paa dei gamle soelvgruvene og til saltoerkenen paa laurdag og soendag! Planen er ogsaa aa overnatte i eit hotell laga av berre salt! Det blir artig, haaper berre at kroppene henger nokon lunde saman.
Ellers gaar det bra med oss, vi byrjer aa finne oss til rette og paa mandag byrjer vi aa jobbe. Gler oss veldig, men gruer oss litt til spraakbarrierer. Saerleg for meg og Sverre som ikkje har Hannah aa stoette oss paa :-) Har gaatt paa spanskkurs denne veka, men eg og Sverre har berre vore paa mandag og tysdag p.g.a. sjukdom, og det er vel kanskje vi to som treng det mest!!!
Menmen, det gaar uansett bra med oss! Haaper fortsatt at alt staar bra til med alle heime ogsaa!
PS: Nokre har kanskje sett i norske medier at det er ein del uroligheter i Bolivia. Eg kan betrygge alle med at vi ser ikkje nokjo meir til dei her i Sucre enn kva de gjer heime i Noreg. Her er det altsaa stille og roleg og tryt og godt :-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar